Menyinngang

Engasjerende og lærerikt foredarg på Hellesylt

Måndag kveld denne veka var Lene Krohn foredragshaldar på foreldremøte ved Sunnylven skule i Hellesylt. Nokre av tema som vart teke opp var kor viktig gode relasjonar og mestring i kvardagen er om barn skal få ein god og trygg oppvekst. Foreldre må vere gode forbilde og saman med skulen skal dei hjelpe barna i utfordrande og vanskelege ting slik at dei kjem gjennom det. Rektor Roar Seljeset takka for eit engasjerande og lærerikt foredrag og det gode frammøtet av foreldre.

Ynskjer din skule eller barnehage foredragshaldar på foreldremøte, les meir her.

MITT VALG på Hellesylt