DSC_1287

Meir sosial trening i barnehagane

Onsdag og torsdag var mange tilsette frå barnehagane i Stryn og kommunen samla i Stryn kulturhus. 
Førebyggande arbeid og sosial læring skal få ein endå større plass i barnehagane. «Det er mitt valg» er eit pedagogisk opplegg som er mykje brukt i skular, og som no skal inn i barnehagar. No skal dei eldste borna i barnehagane lære meir om korleis dei skal utvikle positiv, sosial åtferd.

Stig Reinholt Jensen frå Grimstad leia kurset med både teori og praktiske øvingar. Hovudmålet er å hjelpe born å utvikle positiv, sosial og emosjonell læring i eit førebyggjande perspektiv.

– «Det er mitt valg» har vore brukt i skular i over 20 år, men det er ganske nytt å bruke dette opplegget i barnehagar. Så barnehagane i Stryn er pionerar på dette feltet. Vi er veldig stolte av å kunne tilby eit samanhengande løp med haldningsskapande og førebyggjande arbeid, heilt ifrå barnehage til vidaregåande skule, seier Stig Reinholt Jensen, som strekar under at det er viktig å starte alt i barnehagealder.

«Det er mitt valg» er ein del av Lions Norge. Lionsklubben i Stryn har støtta todagerskurset i Stryn økonomisk i samarbeid med helsedirektoratet og Lions Norge. Soneleiar Oddvin Vonheim er full av lovord etter å ha delteke på eit pilotkurs.

– Oppslutninga rundt desse kursa har teke heilt av rundt om i landet. Det er tydeleg at det er eit godt opplegg. Å gje støtte til opplegget er ein av dei største satsingane våre innan haldningsskapande og førebyggjande arbeid i lokalmiljøet, seier Oddvin VonheimStrynimg thumbnail-Files-File
(Artikkelen er fra avisa Fjordingen)

Meld deg på vårt nyhetsbrev